Soldis musikförmedling




Vidar Skrede DYNAMO BAND



Vidar Skrede DYNAMO BAND er solobandet til Vidar Skrede som i hovudsak framfører Vidar's eigne låt-komposisjonar. Låtane er inspirert av dei Nordiske tradisjonane og speglar Vidar som spelmann i dag - ein folkemusikar som har tatt farge frå mange kantar, både som felespelar go gitarist. Vidar er kjent frå ein rekke andre band, som bl.a. Geitungen (NO), Den Store Norske Gitarkvartett (NO), NOMAS (NO, FI, SE DK), og AAMOS, og har lang erfaring i skandinavisk folkemusikk-samspel, og han har master i Nordisk folkemusikk ved Kungliga Musikhögskolan i Stockholm.

Med seg har han finnane Pilvi Talvitie på trøorgel og Jani Kivelä på gitar, begge er kjente frå bandet Tsuumi Sound System, eit world-music-band som har turnert mykje i Europa og vunne mange prisar og både i Finland og i utlandet.

Samman skapar dei eit sterkt, nytt nordisk lydbilde, enkelt, eggande og til og med lyrisk med hardingfele, gitar og trøorgel, og Vidar's hug for det ultimate nordiske soundet.

Vidar Skrede DYNAMO BAND er altå:
Vidar Skrede - hardingfele og fele
Pilvi Talvitie - trøorgel
Jani Kivelä - gitar


Kontakta gruppen direkt på Högtidernas.se för att boka denna artist.